Innsynsrett

På våre sider for innsyn kan du søkja i kommunen sine dokument og saker.  

Filtrering

Du kan enkelt filtrere på dato, periode, sakstype, type dokument, mm.

NB! Me minnar om at dokument sendt til kommunen i utgangspunktet vert lagt ut på den offentlege postlista.

Her finn du innsyn

Kven kan søkja innsyn?

Alle har rett til å krevja innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register dersom det ikkje er bestemt noko anna i lov/forskrift.

Du har likevel berre krav på innsyn i databasar dersom informasjonen kan verta søkt opp på ein enkel måte. Eit dokument finst ikkje berre på papir. Informasjon på til dømes  e-post og SMS kan vera eit dokument i lova si forstand.

Det er ikkje noko krav at den som krev innsyn må ha sakleg interesse. Innsynskravet må likevel gjelda ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning saker av bestemt art.

Kva kan du få innsyn i?

Som hovudregel kan du få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyret eller anna kommunalt folkevalt organ
  • Dokument til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon
  • Dokument til/frå einingar i administrasjon som har sjølvstendig avgjersmynde for saka dokumentet gjeld

 

Det er unntak frå innsynsretten, blant anna:

  • Kommunen har plikt til å nekta innsyn i opplysningar som er underlagt teieplikt (td personlege helseopplysningar)
  • Kommunen kan nekta innsyn i interne dokument og dokument som er innhenta utanfrå for den interne sakshandsaminga  (td dokument i tilsetjingssaker, rettssaksdokument, dokument i avtaleforhandlingar og vidare).


Kommunen skal behandla krav om innsyn så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan ein til tre arbeidsdagar.

Den som har fått avslag på innsynskrav kan innan tre veker krevja nærare grunngjeving og eventuelt klaga på avslaget til Statsforvaltaren. Klaga skal sendast til Eidfjord kommune, som behandlar den og vidaresender klage til Statsforvaltaren, dersom vedtak om avslag vert halde ved lag.